– Det har vore mykje snakk om pris, men det er framleis høg etterspurnad, seier driftssjef Atle Larsen hos den nyopna Power-butikken i Sandnes sentrum.
5. juni er lanseringsdagen for Nintendo Switch 2.
Det er roleg i butikken når Gamer.no kjem i 12-tida, og fleire av Power-butikkane rundt i distriktet har framleis Switch 2 på lager.
Bekk Abeland Skretting (19) er tilfeldigvis innom for å kikke i Nintendo-hyllene – som er fylde av første generasjon Switch.
– Eg er fornøgd med den vanlege, så eg har ikkje tenkt så mykje på Switch 2, seier Skretting, som syns prisnivået på den nye er «heilt greitt».
Fleire på veg
Atle Larsen fortel at salet har gått omtrent som forventa.
– Me har seld alt me fekk inn, og me får inn nye i neste veke, seier Larsen.
Han har fått med seg dei mange diskusjonane om det høge prisnivået, men trur at etterspurnaden viser at prisen er forsvarleg.

– Det er kundane og marknaden som bestemmer prisen, og når etterspurnaden er der ... Og det er klart at det er ei stor oppgradering, seier Larsen.
– Det er ikkje heilt same tilstandar som ved lanseringa av PS5?
– Det er vanskeleg å døme, for det var så avgrensa tilgjengelegheit.
– Så butikkane har fått inn meir av Switch 2?
– Det vil eg tru.
Behov for Switch 1?
Larsen meiner at det er nok Switch 2 for å dekke etterspurnaden.
– Med det som er på lager no og som kjem neste veke, skal dei som vil ha, få.
Eksemplara av Switch 2 i Power Sandnes har gått ut på klikk- og hent. I hyllene heng det altså førre generasjon av Switch.
Larsen trur framleis den første generasjonen kjem til å selje i lang tid framover.
– Me har snakka om pris. Det kan hende folk vil ha noko til eit lågare prispunkt. Switch har eksistert i mange år og det er framleis mange som ønsker å kjøpe. Konsollen har lang levetid, så det blir spennande å sjå.

Det er enno uklart kor lenge Nintendo held fram produksjonen av første generasjon av Switch, og det er heller ikkje kjend om det kjem priskutt.
Ein time etter Gamer.no sitt besøk er det tomt på lager i dei ulike fysiske Power- og Elkjøp-butikkane i Rogaland.
Det er likevel hundrevis av Nintendo Switch 2 å få kjøpt i dei forskjellige nettbutikkane.